Gamalt frå Suldal nr 14 er nå klart. Det erpå 100 innhaldsrike sider med variert stoff. Me er særleg glade for at det er så mykje stoff frå dei ytre bygdene i kommunen, og Sand er også godt representert. Ikkje så mykje frå dei indre delane denne gong, men til gjengjeld handlar boka med Straabø-bilde i stor grad om denne delen av kommunen. Her er innhaldet med ein liten smakebit:
Slakthuset til «Marvikjen»
Frå rock til gammaldans – om å spela i band på 1960-talet
Lagsliv og samtidsgløtt – ungdomslaget «Fjordguten»
Frå Mokleiv
Viljekraft og livsmot – Lars Klungtveit
Samla skule i Økstra
Bygdelæraren
Barndom på Sand
Thorsen-familien som utvandra til Canada
Båtbyggjarane i Torsteinbu
100 år sidan Ryfylke Folkehøgskule
Kommunikasjon ytterst på Ropeidhalvøya – før og no
Breva på Barkeland
«Refsbygdens skrekk»
17. mai i Finnvik 1926
Ikkje berre ringt å bu i Ørekvam
Hebnes i historisk tid – og Torstein av Heimnes
Hekser og trollmenn i Suldal. Del 3
Gutar i Nordenden på Sand i 1942
Rettingar