Stølssamlingane på fjellet mellom Ryfylke og Sunnhordland

Av Gunnar Aas og Karl Gudvin Ohm

 

» Man følte at man der oppe på Fjellet var liksom kommet Gud og saligheten nærmere enn der nede i dalen med sin uro og strid.

 

Det første møtestedet var opprinnelig Bjørndalen 1) Nordre Bjøndalen var «plass » under Etne Prestegård. Bebodd like til ca. 1860. 2) Søndre Bjøndalen sjøleiganes gård. Gikk over til «Støl» ca. 1808. «Samlingene» ble holdt i Søndre Bjøndalen, hvor lettest adkomst, senere Stølen nærmere Vikedal. » Etter ei tid vart samlingane flytta ned til Roaldkvam og Tysseland.

 

Går me attende i tida skriv forstandar Gabriel Bårdsen frå Stavanger om dei første Stølssamlingane i eit minne skrift om lekpredikanten Osmund Kaldheim frå Etne som døde i 1904:

» ….. og i forbindelse dermed må nevnes hans deltagelse i den såkalte «Stølesamlingen». Den begynte omkring 1840-årene med at gamle troende venner fra Saude, Sand, Jelsa, Imsland, Vikedal, Sandeid og Etne, satte hverandre stevne oppe i fjellet mellom nordøster Ryfylke og Søndhordland. Det første møtestedet var opprinnelig Bjørndalen 1) Nordre Bjøndalen var «plass » under Etne Prestegård. Bebodd like til ca. 1860. 2) Søndre Bjøndalen sjøleiganes gård. Gikk over til «Støl» ca. 1808. «Samlingene» ble holdt i Søndre Bjøndalen, hvor lettest adkomst, senere Stølen nærmere Vikedal, og sist i Roaldkvam ved det skjønne fjellgårds- eller Hundseidvannet. Møtedagen var en av de første søndagene i juli.

 

Det var merkelige møter. Åndssterke ord og åndssterke salmer til åndsfylte toner. Man leste da Guds ord og knyttet til det oppleste en betraktning av de gamle kirkefedre, oftest Luther, Arnd eller Francke. Siden talte flere av vennerne, og hver vitnesbyrd ble slåttfast med et par treffende salmevers. Hvor kunne de ikke legge ånd og kraft i deres sang, når f.eks stemte i

«Min sjel og ånd opmuntre dig at skue ind i Himmerig «,

eller «Kom regn fra det høye, lad jorden oplives som liliedal,

at hvad du vår Jesus har lovet, må gives i tusindtal»,

– ja, da var det som Himlen senket seg ned mot jorden! Man følte at man der oppe på Fjellet var liksom kommet Gud og saligheten nærmere enn der nede i dalen med sin uro og strid. Når man således hadde bedt, lest, talt og sunget, oppløstes forsamlingen og der begynte en mer fortrolig samtale 2 og 2, eller gruppevis mellom flere, idet man søkte råd, trøst og belærelse hos hverandre, og mange trengte dette så vel. Ti mange av disse mennesker levet ensomt og isolert- alene med det som var blitt deres hjertesak. De hadde slett ingen de kunne åpne sitt hjerte for, derfor ble da også mang en knute løst under disse samtaler, mangt et sinn løftet og frigjort fra sin byrde, og lys lagt over veien man skulle vandre. «

Dagbladet Rogaland – 27./4 – 53.

Tysselands-samlingane

Gunnar Aas snakka nyleg med Marta Nybru f. 1913- . Ho hadde aldri vore på samling ved Kyrkja i Tysselandsdalen, men fortalde det same som Gunnar Aas født 1936 – , hadde høyrt frå far sin:

Då samlingane flytta frå søre Bjønndalen til Sjursstølen, vart dei arrangert slik at det eine året var det samling ved Kyrkja i Tysselandsdalen og neste år på Sjursstølen. Etter ei tid vart samlingane flytta ned frå fjellet til gardane Roaldkvam og Tysseland. Samlingane var årlege, men på kvar sin søndag, slik at folk kunne gå begge stader. Marta Nybru hugsar vel at det kom flokkar med folk ned Tysselandsdalen frå Vikedal til samlingane på Tysseland. Samlingane på Tysseland var årleg truleg frå 1890 til 1966/67 då prost B. M. Viste gjekk av,

-med eit opphald i krigsåra.

Far til Gunnar Aas, (f 1890) var heller aldri på samlingane i Tysselandsdalen, men han var som liten gut med far sin til Tysseland då misjonsprest R. L. Aas skulle halda preik der på ei samling.

Tysselands-samlinga var mest alltid delt i to møter, føremiddags- og ettermiddagsmøte vart dei kalla.. Det var presten frå Sand som leia møta i samlinga, men var han forhindra, var det helst ein lekmann i frå Indremisjonen som stod for møteleiinga. Det første møtet tok til kl 12.00 med andakt, kor presten tala over teksten for dagen. Ein song salmer frå salmeboka og hadde kollekt. Kollekten gjekk som regel til arbeidet til Det Norske Misjonsselskap eller Indremisjons- selskapet. Mellom møta hadde ein 1 times matøkt. Var været fint, sat folka ute og åt og praten gjekk mellom kjenningar som sjeldan møttest.

Presten og dei som var med han vart alltid innboden til mat hos Giske og Ole Tysseland i den eine stova. I den andre stova og nede i stovene til Magne og Ordin Tysseland var det ordna til med bord og benker til dei som ønskte å vera inne. Det andre møtet tok til kl. 14.00 og då var det folk i frå Misjonsselskapet/Indremisjonen som tala. No var det songboka som vart nytta.

Var det så nokon som ville stå fram og seia noko, så var det og høve til det.

Det var utruleg kor mange som kom til samlingane på Tysseland – så avsides og veglaust det var på denne tida. Det kunne vera over 100 personar som kom til desse møta. Om det er nokon som kan seia noko meir om dette, veit ikkje Gunnar Aas om.

pal