Tur til Gamle Osen 23. mai

I omlag 80 år var Osen (Suldalsosen) det travle heradssenteret i «gamle» Suldal. Langs eit heller kort vegstykkje vaks det fram stader for turisme (m.a. to hotell), samferdsle, handel, offentleg administrasjon, helsesenter, post, bank, telefon m.v. Avviklinga av Osen som offentleg arena gjekk over lang tid, men då 1960-åra var omme, var det meste borte, og staden endra innhald frå eit samlingspunkt for folk flest til rolege buplassar langs vatnet. Onsdag 23. mai kan du vera med og gå strekkjet frå Osled til Bryggja, høyra soga fortalt og ta del med eigne bidrag. Kolbein Bakka vert vegvisar. Vil du gjera heimeleksa, kan du lesa Kolbein sin artikkel om Osen i Gamalt frå Suldal nr 5 i 2003.

 

Vel møtt på onsdag!

pal