Ulladalsvegen 100 år
Turmarsj/ historievandring 31. august 2024
Ulladalsvegen vart opna i 1924 og er såleis 100 år i 2024. For å markera dette vart det arrangert ein turmarsj/ historievandring som gjekk frå garden «Rabbane» , der vegen i si tid enda, og ned til Kromshagen der hengjebrua over til Moldbakkjen ligg. Det er sogelaga og kommunane i Suldal og Hjelmeland samt Statkraft som tok initiativ til arrangementet
Per Magne Gil, oppvaksen i Jøsenfjorden og forfattaren av boka «Her er eg heime» (2023), gav oss løpet av dagen ei levande orientering om livet i Ulladalen frå tidlegare tider og fram til nyare tid. Per Magne kjenner Ulladalen og fjellgardane svært godt.
Undervegs vart det stopp ved kyrkjegarden/ skulen der det vart servert ymse drikke, pølser og kaffigodt. Her vart det også musikkinnslag ved Folkemusikklaget og diktlesing Kim Andre Fjellberg.
Det var over hundre betalande deltakar med på denne historievandringa.