Praktboka med bilde av Odd Straabø er i handel. Rettingar og tillegg til boka finn du her.
Forfatter:pal
Høyr Njål Kolbeinstveit på tysdag!
Tysdag 9. oktober vil Njål Kolbeinstveit halda foredrag på medlemsmøtet i Kulturhuset kl. 1900. Temaet er: «Om å ta vare på vår nære fortid», og me kan sjå fram til gode historiar frå Sand og sikkert mykje anna. Vel møtt!
Glimt frå turane i 2012
Suldal Sogelag gjennomførte ei rekke vellukka turar i 2012, berre den til Hålandsdalen i juni vart avlyst. 10-30 personar har vore med.
Kulturminnedagen vert markert på Jelsa
9. september vert det markering av kulturminnedagen Tema i år er «Møteplassar» Arr. Jelsa ved kaien kl. 13.00. Sjå annonse i Sulalsposten for detaljar! Dampskipskaien på Jelsa var og er ein samlingsstad i bygda. Foto frå 1. mai 2012. R. Roalkvam
Tur til Ottøy 12. august
12 august arrangerer Sogelaget tur til Ottøy, den gamle handelsstaden i Sandsfjorden.Oppmøteplass kaien i Marvik kl 1300Los er Leif Andreas Øvrebø Bilde: Ottøy frå Høyvik, 2003. Foto: Rune Roalkvam
Tur til Tjordal 18. juli
18 juli arrangerer sogelaget tur til drn fråflytte og veglause garden Tjordal tvers over Suldalsvatnet frå Veka.Oppmøteplass Vikane hyttetun kl 1730Los Eli RoalkvamPå grunn av båtskyss , påmelding til Annfrid Halsne tlf 91667688
Tur til Erfjord 26. juni
Tur langs gamleveien frå Natlandsvatnet til HålandBesøk på kraftverket i HålandsdalenOppmøteplass krambua i Hålandsosen kl 1700Los Tor Olav Følgjesvold
Fotoutstilling i «Mimreståvå»
På Ryfylkedagane opna me «Mimreståvå» i Gata 20 på Sand for publikum. Der viser me fotoutstillinga «Sand i endring 1918 – 1975», som Terje Bråtveit har produsert basert på sogelaget si fotosamling. Der kan me følgja utviklinga i strandstaden i perioden og ikkje minst folk i Gata. Det er også høve til å kjøpa sogelaget sine …
Fortsett å lese Fotoutstilling i «Mimreståvå»
Tur til Gamle Osen 23. mai
I omlag 80 år var Osen (Suldalsosen) det travle heradssenteret i «gamle» Suldal. Langs eit heller kort vegstykkje vaks det fram stader for turisme (m.a. to hotell), samferdsle, handel, offentleg administrasjon, helsesenter, post, bank, telefon m.v. Avviklinga av Osen som offentleg arena gjekk over lang tid, men då 1960-åra var omme, var det meste borte, …
Fortsett å lese Tur til Gamle Osen 23. mai
Vandretur på Jelsa
Søndag 22. april vert det arrangert vandretur mellom kolmiler, ulvagraver og svermebenkar på Jelsa. Øystein Haga er los. Møt fram ved Jelsa skule kl 1300. Vel møtt!