Tor Olav Følgesvold vil fortelja om bygdeborgene i Suldal og elles i Norge på Kulturhuset i Suldal tysdag kl 1900. Vel møtt! Les om bygdeborger her: http://www.fornminner.no/AmS/43-bygdeborger/generelt.htm http://no.wikipedia.org/wiki/Bygdeborg
Forfatter:pal
Møte tysdag 27. mars om bygdeborger
Tor Olav Følgesvold vil fortelja om bygdeborger på møtet, som startar på Kulturhuset kl 1900. I Suldal har me to kjende bydeborger, på Tjøstheim og nord for Grytevatnet. Les meir om bygdeborger her og her.
Program 2012
Her finn du sogelaget sitt tilbod i år. Blir oppdatert etter kvart.
Hekser og trollmenn i Suldal. Del 2
Me held fram vår serie med utdrag frå Torkell Mauland si bok Trolldom frå 1911, med to saker som omhandlar trolldomssaker i Suldal, m.a. den mykje omtala saka mot Sigrid Sigurdsdotter (Siri Sjursdotter) i Erfjord i 1663. Nokre merknader frå vår side er teke inn i hakeparantesar. Rune Roalkvam Ingerid Rødn Ho var or …
Fortsett å lese Hekser og trollmenn i Suldal. Del 2
Søndagen utan preik
Barndomsminne frå Erfjord Trygve Sandvik Det var sommar, sol og søndag. Ein dag då me kunne ha lege lenger frampå enn ein vanleg vyrkedag, og me kunne ha snudd oss over på andre sida og sove ei god stund lenger. Ingen lekser med skule, ikkje arbeid på åkrane eller skrapeslått med stuttljå, ikkje …
Fortsett å lese Søndagen utan preik
Barndomsminne frå Stålevikstølen
Av Odd Bråtveit Støling har lange tradisjonar i Suldal, ikkje minst i grendene rundt Suldalsvatnet. Dei fleste bruk har ein eller fleire stølar som har vore i bruk frå langt attende i tida, og som var i bruk i min barndom og oppvekst. Stølen og heia gav ikkje berre sumarbeite til husdyra, men der …
Fortsett å lese Barndomsminne frå Stålevikstølen
Slekta til Ingemund Nilsson på Grov
Ein Etnebu i Ryfylke eller ein ryfylking i Etne? Av Eldar Myhre Eg har tidlegare i artiklar i Gamle Suldal skrive om sambandet mellom Suldal og naboane i Hardanger; Setesdal og Telemark på 15 og 1600 talet. Dette kjem også til uttrykk i eiga i gardar og giftemål. Tettast ser det likevel ut …
Fortsett å lese Slekta til Ingemund Nilsson på Grov
”Eg vanka på foten so vida ikring”
Av Ingvar Olimstad Det er i år hundre år sidan diktaren Per Sivle døydde. Hausten 1895 og vinteren 1896 heldt han til på Sand og spela ei aktiv rolle i kulturlivet der. Den 16. oktober 1895 gjekk dette brevet frå Sand i Ryfylke til Hr. Kjorbru-Horn, Egertorget, Kristiania:Vær af den Godhed pr. Omg. at tilsende …
Fortsett å lese ”Eg vanka på foten so vida ikring”
Småprat og soger av ymse slag mellom Sauda og Suldal
Av Aksel Birkeland Eg blei spurd om eg ikkje kunne skriva noko til sogelagsskriftet for Suldal. – Kva skal eg skriva om då? – Du har så mange hermer, småsoger og anna, ta litt om det, var svaret. Her kjem då litt. Sand og Suldal, før kommunesamanslåinga, har i årtider hatt mykje samkvem …
Fortsett å lese Småprat og soger av ymse slag mellom Sauda og Suldal
Sogelaget har lokale i Gata!
Suldal Sogelag leiger første høgda av Gata 20, like ved banken i Gata på Sand. Her er ope kvar laurdag kl 1100-1300, det er Torleiv Helland som ønskjer velkomen, og me oppmodar alle til å stikka innom. Her vil det vera høve til å å kjøpa bøker, årshefte og anna som laget har for sal.