Ei flygan’e ny’e visa

av Lars Bjørkenes

 

Tone: Vel Roska jeg dig bringe
eller: De’ va’ om lordagskvellen

 

Litt ve’ eg nå fortelja om Vinlands-reiso mi.

Å inkje ska’ eg dølja, å inkje sei’ meg fri

for at eg hadde feber

før hell eg drog åv ste’.

Veit du’kje ka han hete’, ska eg fortelja de’.

 

Amerika-feber de’ e’ hans rette navn.

Når innbillskrafto strevar, så e’ de’ lite gavn,

om du ve’ den forsaka, å inkje dra i veg,

så monne den deg jaga.

Ja solsen gjekk de’ meg.

 

Rom har du inkje heima;

nei, her e’ altfor trongt.

Å allting monn’ deg meina,

å alt imot deg rongt.

Men vestanføre have’ der e’ så romt å godt.

Der kan du frihet hava,

men heima e’ de’ smått.

 

I åre’ atten hundre å åtte å sytti,

åv ste’ så mon eg vandra,

nettopp på same sti

så tenaradne heima dei skjifter tenester.

De’ kan eg aldri gløyma,

kor i ver’o eg nå ser.

 

Så monn’ eg altså vandra

ifrå mitt heim å slekt.

I lag me’ noken andre

drog eg åv ste’ fort vekk.

Å vere’ va’ oss føyeligt,

å helso den va’ go’.

Selskape’ va’ fornøyeligt;

me inkje gret, men lo.

 

Me dampbåten «Domino»

frå Stavanger å te Hull.

Der va’ den versta pino,

for der var så forfullt

at alt va’ i ei røra, å inkje greia på.

Men nå ska’ du få høyra

koss de’ oss monne gå.

 

Så snart båt’n va’ komen rett klar’e ifrå lann,

så sko’ me neri romme’, ja adle så ein mann.

Å så atte’ på dekkje’ å visa vår billett.

Nå må du ly’a ette’, for å minnast de’ rett.

 

I døro sto’ ein gaste. Kom along, kom along.

Å føsta eg de’ haur’e,

eg opp på dekkje’ sprong.

For detta sko’ me gjera

i sleg ein hau og sjau,

likså me her monn tjona å telja dreftasau.

 

Når detta så va’ ende,

så sko’ me middag få.

Å adle samen rende å stuva så hardt på,

likså at dei sko’ tenkja at de’ om live’ galdt,

så monne dei nå renna

likså smalen itte’ salt.

 

Eg kasta meg i flokkjen, å tenkte lat de’ gå.

For eg må og te kokkjen, å middag må eg få.

Så monne eg oss skubba

å stappa, stuva fram,

for å få kjøt å supa å eple i vårt spann.

 

Men eplo var hall-ròtne,

å kjøte va’ hall-rått,

å adle va’ fortròtne på de’ di hadde fått.

Men de’ lei’ øve’ middag,

så magjen kravde på,

å de’for laut me slita på de’ me monne få.

 

Så tok de’ te å blåsa, å folkje’ te å spy.

Så alt låg i ei kòsa, -å fy, å fy, å fy

for luft å låt å stønjing så der i romme’ blei!

Ja, der va’ lesing, sønjing,

å mong ein stygg’e ei’.

 

Men andre dagjen hadde

me ver åv beste slag.

Å på to døger nådde me England i mak,

å så på fem-seks timar på veien ifrå Hull

på jernbane-trine’, va’ me te Liverpool.

 

Å kor me monne stoppa,

agentar monn’ der stå,

så me oss kring monn’ flokka,

å så gav dei oss rå’

For dei te oss monn’ seia

at me sko’ følgja dei,

så ville dei oss pleia å visa oss vår vei.

 

Å så i fira døger i Liverpool me låg.

Men de’ blei store bøker

sko’ eg skriva alt me såg!

Men eg må de’ forkorta

for te få de’ i ein song.

Så du må inkje forta

om eg stondo gjer’e sprong.

 

På den kvita stjødnelinjo

så rusla me åv ste’.

Å inkje vondt for bringo

så hadde helle’ me.

For båten «Adriatik»,

hallfemta hundre fot long,

så de’ va’ berre artigt å følgja den ein gong.

 

På kost å på oppvarting eg inkje klaga kan.

Om stondo der var knauring,

så va’ der monge mann,

å mongslags sinn å seia, så de’ e’ inkje grett

dei adle å fornøya, – det har eg ofta sett.

 

På have’ Aterlanta me tie døger va’.

Å så monn’ me landa borti den store sta’

så Nyork monne heta, å e’ den støste sta’,

ska eg lata deg veta borti Amerika.

 

Der huser va’ så knattar, å gatedne di va’

likså di støste flatar me heima monne ha.

Å vogner likså huser, å hestar så elgsdyr.

Men du kan tru der susar

å e’ nå mongslags styr.

 

På eingong monge hestar

så har dei før’ ei vogn,

å kjører likså prestar,

å inkje likså vod’n (vå’n? – våen)

så de’ i gato klamrar, å ja, de’ klatrar så

ein sme’ sko’ stå å hamra i smidjo på ein ljå.

 

Meir der eg må ‘kje fjatla,

men følgja lenger me’

på veien så me ratla. På jernbanen de’

me’ oss åvste’ monn’ hala, å så på fira døgn

i Lemmenvær me svalla, å de’ e’ ingjo løgn.

 

Å der va’ monge kjende,

så me fekk helsa på.

Å monge te oss rende for å få oss å sjå,

å for å spørja heimte te folk å gamle lann.

Dei hadde inkje glømt de’

endå når me dei fant.

 

Å somme sa dei konne

meg kjenna på min far;

men så va’ der monge så sa eg liknast mor.

Men eg å bror min konne

me’ nau’o kjennast då,

for åro dei va’ monge

si me hina’n monn’ sjå.

 

Så sko’ me dei besøkja, å gjestabo’ sko’ ha.

Men de’ va’ ingjo sløkja at dei gjestfrie va’.

For når dei ville eta å der ein nabo sat,

så ville di allti’ veta at han sko’ få seg mat.

 

Isjå bror min då eg stoppa,

omtrent i månar ti.

Å så i Minnesota va’ eg et halvt års ti’.

Å kjende folk va’ her og,

å godt eg meg befant.

Men adle sta’r e’ ver’o, de’ e’ nå altfor sant.

 

Å lanne’ der va skjikka, eg ve’ likna de’ åt

så have’ sko’ ha storkna å grøn’e torva fått.

Å de’for va’ der skolle, å klima hardt å kvast

me’ hete å me’ kole så ømsnast i ei hast.

 

Der monn’ de’ sjella’ slupsa

me’ uver likså her.

Men ‘an kan bli forsjupsa

koss de’ brusar stondo der.

Når hagl så hønsegg store

me’ stormar føl’e me’

då e’ de’ heiltopp fåre for avling, folk å fe.

 

Å når børtingar monn’ blenkja

så svære spikabål,

å jor’o den monn’ skjelva åv berre toreskral,

då va’ de’ inkje moro, de’ e’ nå visst å sant;

for de’ va’ likso jor’o å alt sko’ stå på kant.

 

Der ti’o blir berekna når dei arbei’a kan.

De’ går så dei sko’ sløkkja

et hus så står i brann.

Men når der kjem’e bøyer,

dei spring te husar inn.

Dei har ‘kje uverstrøyer å inkje ryggja skjinn.

 

Arbei’e’ der går hurtigt,

me maskiner de’ skjer,

så de’ e’ heiltopp artigt

når du berre på de’ ser.

Men ska’ du gå i vaskje’ å svara kar i lag,

så kanskje e’ de’ baskje

for deg den føste dag.

 

Men når du har lært sveien,

så kanskje går de’ bra,

men du kan rette dreien,

så de’ monar så de’ ska.

Om du deg då ve’ røyna,

du penger tena kan.

Men om du dei kan gjøyma,

derpå de’ kjem’e an.

 

Amerika e’ brausk, ja, Amerika e’ godt,

helst te å tena penger,

men heima e’ de’ smått.

Men e’ de smått her heima,

så e’ de’ fjære godt.

De’ ska’ eg aldre gløyma,

de’ e’ nå inkje spott.

 

Nei, driva spott me’ fedrelann,

de’ ville vara skam.

Å inkje tort’ eg kadlast for vara ærleg mann.

Men te’ å seia sannhet,

de’ e’ ein ærleg ting,

å de’ e’ inkje skamligt, ja, de’ e’ tankjen min.

 

Der kan eg penger tena når eg arbei’ar hardt.

Men heima kan eg leva. Å de’for noke snart

eg nasastubben snudde,

på heimtevei let gå.

Så før hell noken trudde,

eg heima va’ te sjå.

 

Men aldre ska’ eg gløyma at eg ei lito ti’

der borte va’ så heima, ja, eg va’ frisk å fri.

Å trevna’n inkje mangla; for ti’o tott’eg der,

så lenge eg der rangla,

gjekk likså fort så her.

 

Men du ve’ kanskje veta

om heimtereiso litt.

Derom eg kan beretta:

De’ gjekk ‘kje verre hit

hell de’ gjekk på åvreisa;

men de’ eg såg den gong,

sett eg ‘kje her i viso, hell blei hu altfor long.

 

Nå går eg heima slankar,

å stondo så ein draum

de renn’e meg i tankar

at eg va’ me’ den straum

så utvandringjen hete’, å går i vesten dit.

Men når at eg kom heimte,

eg følde ønskjo hit.

 

Litt lovde eg å fortelja, å litt har eg fortalt.

Men eg ska’ inkje dølja at detta e’ ‘kje alt.

Men de’ e’ minnestubbar

si emigrant eg va’.

Å herme’ viso sluttar. Koss totte du hu va’?

 

(Som sagt, e’ de’ nå ende på denna viso.)

 

 

pal