Ulladalsvegen 100 år i 2024

Ulladalsvegen 100 år
Turmarsj/ historievandring 31. august 2024

Ulladalsvegen vart opna i 1924 og er såleis 100 år i år. For å markera dette vert det arrangert ein turmarsj/ historievandring som går frå garden «Rabbane» , der vegen i si tid enda, og ned til Kromshagen der hengjebrua over til Moldbakkjen ligg. Det er sogelaga og kommunane i Suldal og Hjelmeland samt Statkraft som har tatt initiativ til  arrangementet.

Sjølve marsjen startar kl 1030. Turen er på vel 6 kilometer frå starten og ned til anvist parkeringsområde langs vegen ved Kromshagen. Der reknar me å vera ca kl 1630.

Per Magne Gil, oppvaksen i Jøsenfjorden og forfattaren av boka «Her er eg heime» (2023),  vil i løpet av dagen ta oss med inn i livet i Ulladalen frå tidlegare tider og fram til nyare tid. Per Magne kjenner Ulladalen og fjellgardane svært godt, så her kan me venta oss både fakta og gode historier. Om andre også undervegs vil bidra med noko vel verdt å formidla, vil me vera glade for det.

Det meste av forteljingane vil gå føre seg i starten på Rabbane og ved den lengre stoppen på kyrkjegarden og skulen. I tillegg vert det kortare informasjonsstoppar undervegs.

Når me stoppar ved kyrkjegarden/ skulen vert det servering av ymse drikke,  pølser og kaffigodt.

For å unngå trafikkaos i Ulladalen (me reknar med at mange vil bli med denne dagen) vert det parkering langs vegen på anvist plass ved Kromshagen. Herifrå vil det gå skyttelbuss inn til startstaden. Skyttelbussen vil vera med oss heile dagen om nokon treng skyss på marsjen. Det vil også gå buss frå Nesvik ferjekai til Ulladalen med retur etter arrangementet.

For å få ein oversikt over talet på deltakarar og dekning av utgifter til arrangementet ser me oss nøydde til å be om påmelding. Det vert vist til program og  påmeldingsskjema på nettsidene til Suldal og Hjelmeland kommunar.

For dei som ønskjer seg middag etter turen, vil det verta høve til det på Fjordahuset i Jøsenfjorden mellom kl 1630 og 1700. (gi beskjed ved påmelding)).

Me ser fram til ein fin og interessant dag med mange frammøtte.