Internett har gjort det lett å finna røtene sine i Suldal. Me har laga eit oversyn over dei viktigaste nettressursane.
Digitalarkivet er den viktigaste ressursen til personopplysningar frå Suldal. Mellom anna ligg dei skanna kyrkjebøkene her, som ein kan bla i (ikkje søkbare). Her ligg også folketeljingane og mykje anna. Det kjem stadig nye databasar, så det lønner seg å kikka innom desse sidene jamnleg. Her finn ein også skanna bøker. 1910-folketeljinga kan nå lastast ned som hefte i pdf-format.
DIS Norge har samla linkar til digitalt tilgjengeleg stoff til slektsforsking. For oss er dei viktigaste:
Samlinga av kjelder om Suldal. Her finn du m.a. direkte linker til Digitalarkivet samla for heile kommunen. Svært nyttig!!
Søkefunksjon for gravminne som er registrerte frå kyrkjegardar i heile landet, m.a. dei fleste i Suldal.
Nasjonalbiblioteket har gjort digitalt tilgjengeleg enorme mengder trykt stoff (bøker, aviser m.v.), bilder og anna. Ved generelt søk vil ein m.a. finna linkar til oppslag i Stavanger Aftenblad. På biblioteket på Sand vil du kunna lesa i avissidene.
Merk deg også artikkelen av Ernst Berge Drange med kjeldestoff frå 1700-talet, ein periode det ikkje finst kyrkjebøker att i Suldal.
Folketellingar:
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
http://www.arkivverket.no/URN:db_read/ft/35515/ href=»http://www.disnorge.no/genress/ut.php?id=148421″ target=_blank>Sogneprestens manntall for Ryfylke prosti, 1664-66
|
Riksarkivet har digitalisert og indeksert sogneprestenes og fogdenes manntall, 1664-1666.
|
|